Damene på tur til Sola GK
16 spente fjåge damer samlast på Forus til årets happening for Damegolfen. Yr.no hadde hatt utallige besøk siste veka for å sjekka vêret. Lova ikkje godt, men tenk - ingen regnklær fram or bagane og til og med mykje sol og lette klær.
Lørdagen var det individuell stabelford med strålande resultat - førstereis-dame Torill Hodne slo til med 38 poeng og fikk med seg den gjeve vandrepokalen, med Vigdis hakk i hæl med 37 og Mona «vår» med 36. Mange andre gode resultat, men ikkje alle fekk fram «det besta».
Sola Strand hotell varta opp med framifrå 2-rettars meny + eige rom for premieutdeling og golf på høgt plan med Viktor i spissen. Imponerande.
Søndagen starta med morgen-yoga på stranda med instruktør Elisabeth, og dei 3 aller tøffaste damene tok seg eit forfriskande bad før herleg frokost.
Så tok vi avgårde til Forus golfbane for scramble i flott sommarver. Litt rufsete spel var «lyden» etter målgang, men gode vinnarar: Rita Undheim, Anlaug Njærheim, Solfrid og Torill H.
Alle høyrdes godt fornøgde ut og hotellet blir reservert til neste år😊