Ungdommen dominerte pinse scramble

17 og 18 år unge Børge Slettebø/Vetle Eriksen let seg ikkje forstyrra av noko, gjekk 18 hol så godt som utan feil og vant ein tettpakka pinsescramble søndag med netto ti slag under par.Tettpakka på banen med 39 par og tettpakka i teten. For bare slaget bak på andreplass fulgte 12-åringen Truls og 14-åringen Jeppe Skrettingland. Her er mykje meir i vente frå alle desse.

Dei er ikkje akkurat godt vaksne dei to på tredjeplass heller. BK Nerland og Andreas Jacobsen endte netto åtte slag under par. Lasse og Helge Eggja leverte beste bruttoresultat, sju under par.

Heile 78 spelarer (39 par) slo ut klokka 11.00, 11.10 og 11.20. Fem og ein halv time seinare var alle i klubbhuset - framleis i godt humør. Kaker frå gode hjelparar og frukt frå Nærbø Handelslag gjekk unna og haldt blodsukkeret oppe.

 Desse vart premierte (netto):

1. Børge Slettebø/Vetle Eriksen -10

2. Truls og Jeppe Skrettingland -9

3. BK Nerland/Andreas Jacobsen -8

4. Sigrun Klinsgheim/Steinar Undheim -8

5. Gunnar U. Stangeland/Jone Høyland -8

6. Lasse og Helge Eggja -7

7. Nikolai Nordås Steinsland/Håkon Tveit -7

Forrige
Forrige

Kjartan - PGA Coach

Neste
Neste

“Ta med en venn”