SEBO Eiendom 50+

Årets "finale" i SEBO Eiendom 50+ turneringane vart spelt på Jæren Golfklubb laurdag 3 september.

51 påmeldte spelarar, fint ver og topp speleforhold var ein fin ramme for turneringa. Og godt spel og gode resultat fekk me sjå. Jæren tok ubeskjedent for seg av premiane.

Me vart igjen beste klubb samenlagt, og det flotte trofeet vert dermed ståande på Grødai eit år til.

I dameklassen var Hanne Lise Hagman best på laurdag (netto) og ho vann også samenlagt for sesongen.

I herreklassen vann Jo Bratland den yngste klassen og Gunnar Vestly i seniorklassen (begge netto). Jo var også best over sesongen (order of merit) i sin klasse mens Jan Magne Obrestad vann i seniorklassen. 

Og då har me ikkje nevnt alle dei andre flotte plasseringane til Jæren sin spelarar - det vert for mykje å skriva om her. Resultalistene for turneringa på laurdag finn de her.

 

Forrige
Forrige

Bohus Medal

Neste
Neste

Golfglede for flyktninger