SEBO 50+

Høg standard og sterk JGK-innsats under Sebo 50+

Atle Jerstad presterte heile 42 poeng sikra heimesiger i den største klassen (H50+) då JGK arrangerte SeBo 50+ søndag. 

Med strøken bane og herleg temperatur låg alt til rette for ei fin turnering og gode resultat. Og slik vart det. 79 spelarar slo ut frå klokka ni og haldt det gåande til kvelds.

Heile 14 av 25 i klasse D (H65+) gjekk 36 poeng eller betre, 10 av 32 i klasse C (H50+) gjorde likeeins.

Dei mange frå JGK synte godt att i toppen av listene. Atle Jerstad er nemnd, Hanne Lise Hagman vart nummer to i klasse A (D50+) og Berit Pollestad Sele nummer tre i klasse B (D65+).

I klasse C (H50+) fulgte Gøran Steinhovden, Jo Bratland og Helge Håland på tredje, fjerde og femteplass.

John Olav Hodne frå Sandnes GK toppa klasse D (H65+) med heile 44 poeng, JGKs Terje Frøyland nådde sterke 41 poeng, men måtte nøya seg med tredjeplass. Oddgeir Mellemstrand tok føre seg av premiane han óg med femteplass.

Beste bruttoscore leverte Per Berge og Anders Rein, begge noterte 74 slag på 18 hol. Gøran Steinhovden var berre slaget svakare.

Hanne Lise Hagman måtte sjå Grethe Byrkjedal eitt slag framføre seg i dameklassen, 78 mot Bykjedals 77 slag. Imponerande!

Hele resultatlista finner du i Golfbox HER.

Forrige
Forrige

Turneringer

Neste
Neste

Til skrekk og advarsel