Påskescramble
Årets påskescramble vart arrangert andre påskedag.
Heile 76 medlemmer deltok i turneringa som gjekk i fint vårver men med ein litt sjenerande vind. Med så mange deltakarar vart det litt venting innimellom, men golfarane tok dette med godt humør. Det vart gitt full godskriving for hcp og dermed vart dei øverste plasseringane ein kamp mellom lag med høgt hcp og mange tildelte slag.
Førsteplass gjekk til laget Pedersen Bore/Sigbjørnsen/Ravndal/Handeland tett fulgt av laget beståande av 4 blad Skrettingland. Strålande spel også av laga Eggja/Øvestad/Mikkelsen/Eggja og Einarsen/Stangeland/Skurve/Braut som begge gjekk turneringa på -11 slag brutto.
Det viser seg å vera stor interesse for å spela scramble golf så me prøver å få til ei ny turnering til pinsen.