KM Putting 2022
Klubbmesterskap "putting" for Jæren Golfklubb vart spelt på Grødai 13 august, i eit aldeles strålande sommarver.
60 spelarar var påmeldt til konkurransen. Greenane var nyklypte og som vanlig i topp stand. Etter innleiande runde og 2/3 cut skulle 39 spelarar gjera opp i finalerunden.
Det vart tett kamp i teten. Lasse Eggja leda lenge med knappast margin, og drog seieren i land til slutt på par, eitt "slag" betre enn Kristian Hove Heggås. Tredje plassen gjekk til Harald Kvia med +3, same score som Hanne Lise Hagman på fjerde plass.
Me gratulerer Lasse som klubbmester i putting for 2022!