Klubbmesterskapet 2022

Klubbmesterskap 2022 for Jæren Golfklubb vart arrangert i helga 20-21 august. 59 påmeldte spelarar, med eit aldersspenn frå 12 til 77 år, konkurrerte om tittelen klubbmester.

I år var det deltakelse i alle 8 klasser, og med heile 30 spelarar i klassane over 50 år.

Banen på Grødai er som me veit kjempefin, veret var og fint, dog med ein litt fuktig bane frå morgon av og ein litt sjenerande vind utover dagen. Men alt i alt fine forhold for golf. Og det såg ut som om spelarane koste seg sjølv om enkelte nok vart litt sletne. Då var det godt å fylla på litt energi frå lapskaus-grytene til Ruth.

Me gratulerer følgande som årets klubbmestrar: Torill Holm, Jan Magne Obrestad (etter 3 runder omspel mot Arnstein Frode Leidland), Regina Mockiene (etter 3 rundar omspel mot Eva Owen), Carl Aasland Jerstad, Hanne Lise Hagman, Ronny Ponni Einarsen, Frida Hustoft Apeland og Vetle Eriksen.  

Alle resultater finner du i Golfbox HER! 

Forrige
Forrige

Salg i proshop

Neste
Neste

Seniorturnering-oppstart