Jæren Open
Jæren Open 2022 vart arrangert på søndag 8 mai, med 49 av dei beste golf-spelarane i distriktet på startlista.
Turneringa er ein del av Region Tour Rogaland som speles på distriktets baner gjennom sesongen. Banen på Jæren var i fin stand (skryt frå spelarane) og veret var topp, så ikkje rart at det vart spelt god golf.
Vinnar blei Petter Mikalsen frå Stavanger. Han leverte ein fantastisk runde (18 hol) på 62 slag, som må vera noko av det beste som er spelt på banen (banerekord?).
Andre og tredje plassene gjekk til hhv Sondre Ronold og Magnus Jebson, også dei frå Stavanger. Beste spelar frå JGK blei Jørgen Mikkelsen på ellevteplass.
Frå turneringa går kr 2450 til veldedighet.